FLERSPRÅKLIGHET - avsluttet 2010

 
 
Innhold
 
Emnet gjev ei innføring i allmenne teoriar om fleirspråklege samfunn, forholdet mellom majoritets- og minoritetsspråk, fleirspråklegheit i skolen, kontakt mellom ulike språk og utvikling av pidgin- og kreolspråk og namn i fleirspråklege område. Vekta ligg på det fleirspråklege Nordkalotten med både gammal og ny fleirspråklegheit. Vektlegginga av tema i emnet kan elles variere.
 
 
 
Læringsutbytte
 
Emnet skal gje teoretisk innsikt i ulike sider ved fleirspråklegheit og gjennom det gje grunnlag for å forstå språkforholda i ulike slag fleirspråklege og fleirdialektale samfunn. Etter bestått eksamen skal studentane ha følgjande læringsresultat: Kunnskapar og forståing Studenten skal ha • kunnskap om allmenne teoriar om fleirspråklege samfunn og om ulike sider ved språkforholda i slike samfunn med særskilt vekt på Nordkalotten Ferdigheiter Studenten skal • kunne skildre og drøfte problemstillingar knytte til fleirspråklegheit på ein klår måte og med korrekt språkføring Kompetanse Studenten skal vere i stand til å identifisere konsekvensar av fleirspråklegheit som dei vil kunne møte i yrkeslivet mellom anna som lærarar, og å handsama dei på ein føremålstenleg måte
 
 
 
Undervisnings- og eksamensspråk: Norsk
 
 
 
Undervisningsform
 
Ordinær undervisning blir gjeven i form av førelesing/seminar der det blir føresett aktiv deltaking frå studentane i form av framlegg, diskusjonsinnlegg o.l. Men når det er føremålstenleg, kan undervisninga bli gjeven som eit nettbasert studium kombinert med samlingar med intensiv undervisning. Sjå timeplan for nærare informasjon.
 
 
 
Vurderingsordning
 
Følgjande arbeidskrav må vere godkjende før ein kan framstille seg for eksamen: • i løpet av semesteret skal studentane innan fastsette fristar levere skriftlege svar på eit sett med mindre øvingsoppgåver gjevne av faglærar • finne tema for semesteroppgåva Eksamen består av: • ei semesteroppgåve over eit sjølvvalt tema. Oppgåva kan skrivast individuelt eller i gruppe på to eller tre. Ei individuell semesteroppgåve skal ha eit omfang på 10–15 sider/4 000-6 000 ord, medan ei gruppeoppgåve må ha eit omfang som gjev tilsvarande arbeidsinnsats frå alle deltakarane. Føremålet med semesteroppgåva skal vere å knyte teoristoffet til relevante språkforhold i eitt eller fleire samfunn. Ved bedømming av eksamen nyttes karakterar etter ein skala frå A til E for bestått, og F for ikkje bestått, med A som beste karakter. Ved karakteren F/ikke bestått til ordinær eksamen, har studenten anledning til å kontinuere. Frist for oppmelding til kontinuasjonseksamen er 15. januar.
 
 
 
Fagansvarlig

Fagplan
Studiepoeng
10 studiepoeng

Studiested
Nord Troms - Nettbasert

Oppstart
26 august

Søknadsfrist
1 juni

Søknad sendes til
Univesritetet i Tromsø

Søknadsskjema
Studiekode
HIF-2012

 
     

SAMARBEIDSPARTNERE