NAVNEGRANSKING - avsluttet 2009

 
 
Innhold
Studiet av namn kan inndelast i to hovudområde: stadnamn og personnamn. Avhengig av tilgang på lærarressursar vil hovudvekta liggje på anten stadnamn eller personnamn.
 
Mål
Emnet skal gje fagleg fordjuping og teoretisk innsyn i namnefaglege spørsmål - både i eit språkleg og i eit kulturelt perspektiv.
 
Undervisningsform
Undervisninga er organisert med førelesingar og seminar med førebudde studentinnlegg. Emnet er tilpassa som eit fleksibelt studium med samlingar fredag og laurdag i veke 6, 10 og 16 våren 2009. Sjå timeplan for meir detaljert informasjon om tidspunkt for undervisning.
 
Eksamensform
Arbeidskrav:
For å gå opp til eksamen, må studenten halde eit munnleg seminarinnlegg om hovudtrekk i semesteroppgåva. Innlegget skal godkjennast av faglærar.

Vurderingsform:
Semesteroppgåve (ca. 10 s.) med sjølvvald emne. Emnet skal veljast i samråd med faglærar, og oppgåva skal skrivast under rettleiing i løpet av semesteret. Valfri målform: bokmål eller nynorsk.

Emnet blir vurdert med bokstavkarakterar (A-F).
 
Fagansvarlig
Universitetet i Tromsø

Studiepoeng
10 studiepoeng

Studiested
Tromsø

Oppstart
6 februar 2009

Søknadsfrist
1 desember 2008

Søknad sendes til
Universitetet i Tromsø
Forsknings- og studieavdelinga
9037 Tromsø

Studiekode
NOR - 3062

Pris
max. 5000

 
     

SAMARBEIDSPARTNERE